Litle Færøyna er eigd og vert driven av eit ikkje kommersielt partslag på seks personar. På Litle Færøy er har dei teke mål av seg å gjenskape eit tidsriktig strandsitjarplass (husmannsmiljø) frå førindustriell tid, ca. 1900 talet.
Årer og segl
Båtane er sett i sentrum på Litle Færøy. Her finn du heile bruksbåtfamilien frå ein liten Færing på 14 fot til ein stor gavlbåt på 31 fot.
I nausta her finn du færing, seksering, åttering, laderomsbåt, notgavlbåt og Åfjordsfiring. Ikkje mist motet, du slepp å ro heile tida.
Dei fleste båtane er utstyrt med segl.
Opplevinga i sentrum:
Når du vitjar Litle Færøy som elev, student eller turist er det opplevinga og deltakinga som vert sett i sentrum. Partslaget som driv plassen, har som pedagogisk målsetting at du skal oppleve natur og kultur på nært hald. Du skal sjølv få høve til å oppleve kvardagen og livsforma til Sulingen på 1900 talet.
Roar og dei andre som driv staden kallar seg "rettleiarar" i enkelt naturleg friluftsliv.
Dei ynskjer at besøkande skal få innsyn og inspirasjon til å forstå andre og enklare levemåtar enn dei vi har til dagen.
I og med at ein freistar å restaurere strandsitjarplassen til å vere mest mogleg tidsriktig og opplevinga av miljøet på den tida er viktig - må du rekne med å bruke utedo, liggje i telt, lage enkle måltid ved bålet, vere mykje på sjøen og ute.
Opphald og besøk etter avtale: Litle Færøy er ikkje i kontinuerleg drift. Du er hjarteleg velkomen til å vitje Litle Færøy som elev, student eller tilfeldig besøkande. Fleire klassar frå barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, folkehøgskular og høgskular har delteke på kurs her.
Ro og segleferie:
I samarbeid med Jensbua vil Litle Færøy prøve å utvikle ein type ro og seglferie med tradisjonelle vestlandsbåtar. Meir om dette vil du etter kvart finne på internettsidene til Jensbua.
Sommarleirskule for born:
Sommaren 1999 har Roar og dei andre rettleiarane på Litle Færøy planar om å lage eit dagsopplegg for born på måndagar. Her vil du kunne melde deg på på impuls - kort varsel. Ta turen med dei lokale båterutene om morgonen, oppleve båtlivet på 1900- talet og reise heim att til 1999 om ettermiddagen.
http://fuv.hivolda.no/prosjekt/indrefr/07solund_litle_feroy.htm